tirsdag 19. januar 2010

Snø og granskog



















Tale om heimsleg-
snø og granskog
er heimsleg.

Frå første stund
er det vårt.
Før nokon har fortalt det,
at det er snø og granskog,
har det plass i oss-
og sidan er det der
heile heile tida.

Meterdjup fonn
kring mørke tre
- det er for oss!
Innblanda i vår eigen ande.
Heile heile tida,
om ingen ser det,
har vi snø og granskog med.

Ja lia med snøen
og tre ved tre
så langt ein ser,
kvar vi er
vender vi mot det.

Og har i oss ein lovnad
om å koma heim.
Koma heim,
gå borti der,
bøye greiner
- og kjenne så det fer i ein
kva det er å vera der ein høyrer til

Heile heile tida
til det er sløkt
i våre innlandshjarte.

(Tarjei Vesaas: Snø og granskog)


Sigrid kom med en utfordring om å skrive et sitat og illustrere med et bilde som passer til. Siden det fortsatt er vinter og snø, valgte jeg å sitere dette diktet.
Hvis noen vil vite hvor dere finner diktet, kan dere se her

2 kommentarer:

  1. Nydeleg dikt!
    Koseleg at du tok utfordringa ;-)
    Ha ein kjekk dag i ditt liv!

    SvarSlett
  2. Hei Kari! Veldig vakker blogg du har! Her kommer en "7 ting om meg-award"-utfordring til deg - se http://skiloen.blogspot.com/2010/01/7-ting-om-meg-award.html

    SvarSlett